| Økologisk heiderspris for Vestlandet 2011 til Bjørn Pedersen frå Homlagarden Kilde: oikos.no Økopris Vestlandet gjekk i år til kalkunprodusent Bjørn Pedersen. Pedersen feirar i år 20-årsjubileum som landet sin einaste profesjonelle produsent av økologisk kalkun. Han har gjort ein heilt unik innsats for økologisk mat i Noreg og har vore pioner innan økologisk kalkunoppdrett, sa Reidar Andestad frå Oikos - Økologisk Norge under prisutdelinga. Hans nyskapande og eigenarta verksemda på Homlagarden i Kvam utløyste i 2009 Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris. I fjor vart han kåra til ”Årets leverandør av økologiske produkt” av sentrale aktørar i mat-Noreg. Økopris Vestlandet vart tradisjonen tru utdelt under Matfestivalen i Bergen, og består av eit diplom og ein sjekk på 5000 kr. Dagleg leiar i Oikos - Økologisk Norge, Reidar Andestad, sto for overrekkinga saman med Anna Milford fra Oikos Vest. Her er link til Homlagarden si heimeside 12.09.2011 Sjekk ut våre internasjonale nyheter her Topp 3 mest lest: DN`s Salt og Pepper - Maaemo - Økologisk hardcore
|
|
Nyheter - Økologisk heiderspris for Vestlandet 2011 til Bjørn Pedersen frå Homlagarden
Written by Niels Thrap
|
Contact:
Organic Online Media Ltd
Helgerødgaten 12
1515 MOSS
NORWAY
Advertising:
More information here




